Breføring i Jølster 
                 Velkommen til Jostedalsbreen
 
 Hovudside 

 
 

 
English  

 
Deutsch 
 

Kart 

Bilder 

Linkar 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Velkommen til Jostedalsbreen! 

Glacier Team kan tilby ukommersiell bretur - unik naturoppleving - profesjonell guiding. 
Vi held til i Jølster sentralt på Vestlandet - ved inngangen til Jostedalsbreen. Hovudsakleg går vi på Haugabreen i Stardalen i Jølster, men kan tilby det meste kring Jostedalsbreen. 
Kontakt oss gjerne! 

I blåisen på breen er De trygt sikra med tau og broddar under kyndig instruksjon av dyktige guidar. Praktfullt utsyn over Jostedalsbreen og fjellheimen omkring. Uansett ver - vi kan tilby ei unik naturoppleving! 

Glacier Team har daglege turar på Haugabreen. 
Frammøte er kl 10.00 på Høyset Camping i Stardalen i Jølster. 

Påmelding dagen før til Glacier Team på telefon 90 11 19 63.  

Det er 1 time lett gange til breen der vi er i 2-3 timar. Totalt tek turen 5-6 timar. Turen har eit ukommersielt preg - langt frå salsbuer og blendande lys. Her er det snakk om klassisk bretur som vil gje Dykk kunnskap og naturglede. Turen er ideell for alle i normal form - passar også godt for familiar og born frå ca. 8 år. 

Ta med vindtøy, varme klede, vottar, fjellstøvlar og solbriller samt mat og drikkeflaske det finst nok av førsteklasses vatn langs vegen. 
Vi held alt sikringsutstyr. Spesialturar på forespørsel. 
Ta kontakt for informasjon. 
 
 

PRESENTASJON 
Glacier Team er eit firma bygd på gamle breførartradisjonar i Jølster, som organiserer fjell- 
og breturar i Norge, med hovudvekt på Jostedalsbreen og fjellheimen i vårt nærområde. 
 
Vi er medlemer av Norsk Fjellsportforum, der vi og førarane våre er sertifisert. 
 
 
 

 
 
Glacier Team as    ¤   P.B. 5     ¤       N-6841 SKEI I JØLSTER, NORWAY    ¤       Mob  + 47 90 11 19 63 
E-mail:  jarhelg@online.no 

Internett: http://www.probit.no/glacierteam